Velkomen til mi heimeside
I år er eg heldig mottakar av fordjupningsstipend frå Komponistenes Vederlagsfond. Eit stipend eg mellom anna har fått for å arbeide vidare med og ferdigstille første album i det som er ei ny musikalsk retning for meg, nemleg meditasjonsmusikk. Ambiente komposisjonar for meditasjon, yoga, avkobling. Nordic ró. Eg har arbeida tett med musikar og produsent Alf Magne Hillestad.Det er spennande og givande, og eg ser fram til å lansere 3 singlar før albumslepp 5.september 2025. I tillegg er ny soloplate med hardingfeleslåttar spelt åleine på tenorsax i ferd med å bli forma. Poeten Seglem er også godt i gang med ny poesisamling.
​Om du ønskjer å høyra Karl Seglem enten solo eller med band på ei konsertscene ein stad nær deg, ta kontakt med:
​
Bjarne Kvinnsland
bjarne (at) oslomusicfactory.no
mobil: +47 911 789 63
​
​
PS! Meld deg gjerne på epostlista mi - rett under her.


Meld deg på epostlista mi
Skriv deg på lista, så blir du oppdatert på konsertar og det eg elles har fore.
Helsing Karl