TENORSAXSLÅTTAR

LP og NOTEBOK

Karl Seglem går attende til røtene og spelar tradisjonelle hardingfeleslåttar solo på tenorsaxofon; unikt materiale som ikkje tidlegare har vore spelt eller formidla på blåseinstrument. LP og notebok no tilgjengelege i butikken, kvar for seg og som pakke. Klikk på bilda under for å lese meir og handle.

Notebok Tenorsaxslåttar
450,00 kr

32 slåttar for B-instrument. Karl Seglem kallar dei tradisjonelle hardingfeleslåttane han har arrangert, spelt inn og her gjer tilgjengeleg på notar, for sine "standardlåtar". Noteboka inneheld også historikk og interessante anekdotar kring tradisjon, musikalsk arv og Seglem sine vegar inn og ut av instrumetal norsk folkemusikk. Ved kjøp av notebok får ein nedlastingslenkje til lydfil med alle slåttane spelt solo tenorsax.

Tenorsaxslåttar (LP)
350,00 kr

Karl Seglem går attende til røtene og spelar tradisjonelle hardingfeleslåttar solo på tenorsaxofon. Unikt materiale som ikkje tidlegare har vore spelt eller formidla på blåseinstrument. Seglem har skapt sin eigen folkjazz-sjanger, og på denne utgjevinga spelar han seg attende til kjeldene -

Notebok og LP Tenorsaxslåttar
750,00 kr

Sjå info om dei einskilde produkta notebok og LP. Vinylplata inneheld 19 av 32 innspelte slåttar Ved kjøp av notebok og LP saman, får ein også nedlastingslenkje til lydfil med alle slåttane spelt solo tenorsax.

“Eg gler meg over at Tenorsaxslåttar, notebok og LP er ferdigstilte. Samarbeidet med Idar Torskangerpoll har vore fantastisk: ‘Det blir ei praktbok!'

Velkomen inn

På denne sida finn du informasjon om mykje av det som rører seg når det gjeld musikaren, komponisten og poeten Karl Seglem.

Her er også ei eiga side for NYE NOR, plateselskapet han har drive sidan 1991.

Takk for at du lyttar!

"De flesta musiker skapar på något sätt sin egna värld, genom sitt utryck. Men inte så många har en verkligt unik musikalisk röst och värld. Norske låtmakaren, saxofonisten och gethorns-spelaren med mera Karl Seglem tilör definitivt kategorin med en helt unik musikalisk värld."

Andreas Lagerkrantz / Lira (SE)